Postadresse: Kvitnesvegen 11, 6062 Brandal
Oranisasjonsnummer: 916 456 735
Bankkontonummer: 3910 32 61299

 

 

 

 


Politisk program for valperioden 2019-2023

Folkelista er samansett av samfunnsengasjerte personar frå alle krinsane og heile det politiske spekteret. Vi har som mål å arbeide til det beste for Hareid kommune.
Folkelista er eit alternativ til dei etablerte partia, og vi vil føre ein nøktern, ansvarleg politikk som ikkje lovar gull og grøne skogar til alt og alle. Dette krev god styring og effektiv drift. Budsjettframlegga til Folkelista viser at vi har evne til å tenke langsiktig.
Sjølve berebjelken i programmet er at ein skal arbeide for levande, likeverdige krinsar, som ikkje på noko vis skal setjast opp mot kvarandre.
Levedyktige bygdekrinsar gjev ein livskraftig sentrumskrins og ein sterk kommune.
Folkelista vil prioritere primæroppgåvene i kommunen. Desse skal liggje i botnen for alle økonomiske prioriteringar. Folk i kommunen skal sleppe å få eit inntrykk av at basisfunksjonane gradvis smuldrar bort.
Vi vil arbeide for at alle innbyggjarane i kommunen skal bli høyrde. Einskildmennesket skal ikkje føle at det blir ”overkøyrd” av byråkratiet eller av det politiske systemet.
Folkelista vil i samarbeid med innbyggjarane, tilsette i kommunen og andre folkevalde arbeide for ein stø politisk kurs.
For å få dette til, treng vi DI støtte til det beste for kommunen.

Folkelista har no, som ved tidlegare val, utarbeidd eit kort og tydeleg program som du som veljar lett kan setje deg inn i.
Politikken vår har dei siste tolv åra vore nøktern og ansvarleg, men han har hatt ein tydeleg profil. Det skal vi halde fram med.
Vi må halde på særpreget til Hareid kommune med levande bygdelag og eit sterkt sentrum.
Mange er opptekne av omdømet til kommunen. Vi meiner at kommunen først og fremst opparbei- der eit godt omdøme ved å unngå indre strid. Dette vert skapt gjennom politiske vedtak der folk vert handsama med respekt. Ein konfronterande politikk der heile lokalsamfunn vert overkøyrde er øydeleggjande for omdømet.
Kommunen er i ein vanskeleg økonomisk situasjon som krev svært nøktern drift. Då er det ekstra viktig at primæroppgåvene ligg i botnen av alle økonomiske prioriteringar.
Folkelista er og har vore svært tilbakehalden med nye tilsetjingar i administrasjonen. Vi prioriterer heller arbeidskraft ute i tenesteytande arbeid.
Like viktig som kommunale utgifter, er det å skape inntekter til kommunen. Ein må difor ha fokus på dei behova næringslivet har. På den måten kan ein kome det i møte og legge grunnlaget for etablering og sikring av arbeidsplassar.
Eigedomsskatten er eit resultat av den daglege politikken gjennom året som gjev kommunen utgifter utover det vi greier å betale. For å redusere eigedomsskatten over tid, er ein nøydd til å halde fram det nøkterne arbeidet vårt i det daglege, og ikkje tru at ein kan vedta seg bort frå problemet ein gong i året – då budsjettet og eigedomsskatten er oppe til handsaming.
Folkelista vil gjennom breiast mogleg samarbeid vere med på å sikre ei god framtid for Hareid kommune der dei nemnde momenta er viktige ingrediensar. Då trur vi at vi sakte, men sikkert kan betre tilhøva i kommunen.

1) Dei folkevalde må setje dagsorden for dei politiske sakene, minske byråkrati og arbeide for ein effektiv organisasjon.
2) Arbeide aktivt for etablering av nye arbeidsplassar og legge til rette for næringsverksemd.
3) Arbeide for byggeklare tomter og god infrastruktur i heile kommunen.
4) Folkelista har sikra 1-7-skular i alle krinsar, og det skal vi halde fram med.
5) Vi skal arbeide for fleire gode kommunale barnehageplassar.
6) Halde ein høg standard innan pleie- og omsorgsområda.
7) Vi skal følgje opp kommunen sitt ansvar for vedlikehald i kyrkje- og livssynsarbeid.
8) Ved all arealdisponering skal omsynet til landbruk vege tungt.
9) Folkelista vil prioritere kultur- og miljøskapande arbeid. God kulturbygging startar med born og unge.
10) Folkelista vil arbeide for kulturhus/fleirbrukshus i Hareid sentrum.
11) I påvente av avklaring av HAFAST, må vegen gjennom Hareidsdalen sikrast. Vi vil også arbeide for sikring av Hjørungavågvegen.
12) Vi vil arbeide for ein akseptabel vegstandard på dei kommunale vegane, og legge til rette for mjuke trafikantar.
13) Eigedomsskatten ser vi ikkje på som ei permanent inntekt, og Folkelista vil arbeide for at den vert redusert og fjerna. Vi må freiste å etablere andre inntekter enn eigedomsskatt. Folkelista vil arbeide for betre samsvar mellom inntekter og utgifter.
14) Folkelista vil arbeide for gode løysingar i natur og miljøspørsmål. Vi skal ikkje ha utplassering av vindturbinar i kommunen vår.
15) Folkelista var ein pådrivar i å sikre Hareid som ein sjølvstendig kommune. Signal frå sentrale styresmakter syner oss at kommunesamanslåingar er ei sak som kan verte aktuell igjen. Synet vårt er framleis det same. Hareid skal vere eigen kommune også i framtida.


Kontakt oss

Meld deg inn i Folkelista ved å betale kr 100 til bankkontonr 3910 32 61299