Organisasjonen heiter Folkelista for Hareid kommune
Folkelista for Hareid kommune driv politisk arbeid på grunnlag av organisasjonen sine program og vedtekter.
Alle som godtek programmet og vedtektene til Folkelista for Hareid kommune og som betalar kontingenten, vert medlem i organisasjonen
Eit nytt medlem har rett til å få ei innføring i kva organisasjonen står for
Ein må ha vore medlem i tre veker fer ein får røysterett på årsmøte og nominasjonsmøte
Årsmøtet består av medlemmene i organisasjonen
Medlem i Folkelista for Hareid kommune kan ikkje høyre til ei politisk foreining/organisasjon som motarbeider Folkelista for Hareid kommune
Årsmøtet fastset kor høg kontingenten er
For å ha røysterett på møte i organisasjonen, og for å kunne verte vald til verv i organisasjonen, må ein ha betalt kontingent det aktuelle året
Rekneskapsåret følgjer kalenderåret 1.1 til 31.12
Folkelista for Hareid kommune skal vere ein open organisasjon prega av gjensidig respekt der debatt vert verdsett og politikk vert utvikla i eit arbeidsfellesskap
Organisasjonen sine organ er:
Folkelista for Hareid kommune stiller ikkje lister til Fylkestinget. Dersom det skulle bli aktuelt i framtida, må det fattast vedtak om dette av årsmøtet og eit eigna namn må i so fall vedtakast.
Årsmøte er det høgste organet i organisasjonen og skal haldast kvart år før 1. april. Styret kallar inn til årsmøte seinast 10 dagar i førevegen og sakspapira skal vere hjå medlemmane seinast 5 dagar før møtet. Det skal minst handsame årsmelding, rekneskap, og gjennomføre val.
Ekstraordinært årsmøte i organisasjonen skal haldast om ein tredel av medlemene, eller ein tredel av styret krev det. Fristane for innkalling og kunngjering av sakliste til ekstraordinært årsmøte er dei same som for vanleg årsmøte.
Årsmøtet skal:
1. Godkjenne innkalling og dagsorden1 Leiar for eitt år om gongen
2 Tre til fem styremedlemer for to år om gongen, men ikkje meir enn tre av dei er på val kvart einskild år. Samla skal det vere oddetal i styret Gruppeleiaren i kommunestyregruppa får fast plass i styret på fyrste årsmøte etter kommunevalet
3 Varamedlemmer til styret i prioritert rekkefølgje for eit år
4 Ettersynsperson for eitt år i gongen
5 Valnemnd på to medlemmar for to år. Av desse to er eit medlem på val kvart år. Den som er medlem i sitt siste år, er leiar for nemnda.
6 I året før valår skal det veljast nominasjonskomitè på 3-5 medlemmar.
Årsmøte kan tillate at nyinnmelde medlemmer møter som observatørar med møte og har talerett.
Organisasjonen vert leia av styret som er det høgste organet mellom årsmøta. Styret har ansvar for:
1. Styret konstituerer seg sjølve med val av nestleiar, skrivar og kasserar
2. Årsmelding
3. Rekneskap
4. Setje i verk årsmøtevedtak
5. Sjå til at organisasjonen vert driven i tråd med formål og vedtekter
6. Velje forhandlingsutval
Styret skal halde møte når leiaren avgjer det eller eit fleirtal av styremedlemene krev det. Styret er vedtaksført når eit fleirtal av styremedlemene er til stades, av desse leiar eller nestleiar. Vedtak skal fattast med fleirtal av dei gjevne røystene. Ved røystelikskap er møteleiaren si røyst avgjerande.
Når det skal stillast lister ved val til kommunestyret, skal det haldast nominasjonsmøte med røysterett for alle medlemer som er busett i kommunen. Nominasjonskomitéen skal kalle inn til møtet før 1. mars i kvart valår. Alle val i samband med nominasjonsmøtet vert avgjort ved vanleg fleirtal.
Kommunestyregruppa sine faste medlemer vel gruppeleiar for kommunestyreperioden. Gruppemøta i Folkelista for Hareid kommune er opne for alle, også for ikkje-medlemmer.
Om ein medlem skadar eller motarbeider Folkelista for Hareid kommune eller bryt
vedtektene, kan organisasjonen sette i verk disiplinærtiltak. Desse er: åtvaring, tilbaketrekking frå verv, suspensjon eller eksklusjon. Vedtak om disiplinærtiltak skal vere skriftleg med grunngjeving. Eksklusjon krev kvalifisert fleirtal, 2/3 av dei røysteføre på årsmøtet.
Framlegg om å oppløyse Folkelista for Hareid kommune eller slå organisasjonen saman med ein annan organisasjon skal handsamast på to årsmøte med minst tre og høgst seks månaders mellomrom. Det første av desse skal vere eit ordinært årsmøte, og her krevst det 2/3 fleirtal for å gå vidare i prosessen. Det andre er eit ekstraordinært årsmøte. Dette stadfester eventuelt vedtaket om oppløysing eller samanslåing med vanleg fleirtal. Samstundes vedtek dette årsmøtet kva som skal gjerast med organisasjonen sin eigedom.
Framlegg om oppløysing kan berre kome frå medlemer i organisasjonen. Det må vere innkome til styret seinast 31. desember året før årsmøtet som først skal handsame det.
Vedtak i Folkelista for Hareid kommune sine organ skal skje med vanleg fleirtal, om ikkje vedtektene seier noko anna. Om to framlegg får like mange røyster, er ingen av dei vedtekne. Vanleg fleirtal er fleirtal av gjevne røyster utan å telje med blanke røyster.
Vedtektene er juridisk bindande i tvistar som gjeld Folkelista for Hareid kommune sin eigedom.
Desse vedtektene kan berre endrast på årsmøte. Endring krev kvalifisert fleirtal, 2/3 av dei røysteføre på årsmøtet. Prist for å fremje forslag til endring av vedtektene, er fire veker før årsmøtet tek til. Årsmøtet kan berre gjere endringar som har direkte samanheng med framlegg som er sendt ut på førehand. Om ikkje årsmøtet vedtek noko anna, trer vedtektsendring i kraft straks.