Postadresse: Kvitnesvegen 11, 6062 Brandal
Oranisasjonsnummer: 916 456 735
Bankkontonummer: 3910 32 61299

 

 

 

 



Velkomen til Folkelista

Folkelista er samansett av samfunnsengasjerte personar frå alle krinsane og heile det politiske spekteret. Vi har som mål å arbeide til det beste for heile Hareid kommune.

Vi skal vere eit korrektiv til det etablerte politiske systemet, og vi vil føre ein nøktern, ansvarleg politikk som ikkje lovar gull og grøne skogar til alt og alle. Vi meiner samstundes at kommunen må forvalte dei økonomiske ressursane på ein forsvarleg måte, slik at Hareid held seg ute av ROBEK-lista.

Sjølve berebjelken i programmet er at ein skal arbeide for levande, likeverdige krinsar, som ikkje på noko vis skal setjast opp mot kvarandre. Greier ein å skape levedyktige krinsar, får ein og eit sterkt, livskraftig sentrum.

Folkelista vil prioritere primæroppgåvene i kommunen. Desse skal liggje i botnen for alle økonomiske prioriteringar. Folk i krinsane skal sleppe å føle at basisfunksjonane gradvis smuldrar bort.

Vi vil arbeide for at alle innbyggjarane i kommunen skal bli høyrde. Einskildmennesket skal ikkje føle at det blir ”overkøyrd” av byråkratiet eller av det politiske systemet. Folkelista vil i samarbeid med innbyggjarane, tilsette i kommunen og andre folkevalde arbeide for ein ny politisk kurs.

For å få dette til, treng vi DI støtte til det beste for kommunen.

Nokre interne metodar:

  1. Vi har delt utval eller saksfelt litt etter interesser.
  2. Vi orienterer kvarandre på gruppemøte måndag før kommunestyremøte, åtte-ti gongar i året.
  3. Vi stemmer fritt i møta, ikkje partipisk.


Kontakt oss

Meld deg inn i Folkelista ved å betale kr 100 til bankkontonr 3910 32 61299